Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling Bryne - BUP Bryne
Telefon: 51 51 25 02
Epost: post@sus.no
Besøksadresse: Hetlandsgata 25, 4344 Bryne
Postadresse: Helse Stavanger HF, Pb 8100, 4068 Stavanger
BUP Bryne har ansvar for utgreiing og behandling av barn og unge i alderen 0-17 år som har psykiske vanskar som krevjer spesialiserte tenester. Dette kan til dømes vera depresjon, angst, traumer/PTSD, utviklingsforstyrrelsar som autisme eller Asperger syndrom, ADHD eller psykose. BUP Bryne arbeider tverrfagleg og har eit tett samarbeid med skular, barnehagar og kommunen.
Barnehager
Barneverntenesta
Telefon: 51 77 60 00
Vakttelefon dagtid: 905 37 185
Vakttelefon kveld/natt/helg: 905 41 321
Alarmtelefonen for barn og unge: 116111
Besøksadresse: Time Rådhus, Arne Garborgsveg 30, 4344 Bryne
Postadresse: Pb. 38, 4349 Bryne
Som privatperson eller som offentleg ansatt kan du ta kontakt med barneverntenesta om du kjenner ei uro for eit barn eller ungdom. Du kan ta kontakt for å drøfta uroa di anonymt, eller du kan ta kontakt for å levere ei bekymringsmelding.
NB: Dersom du er uroa for at eit barn eller ein ungdom vert utsatt for vald eller overgrep, skal ikkje foreldra kontaktas. Kontakt barneverntenesta direkte.
Barn og unges helseteneste
Her finn du lenkje til kart over tenestene for barn og unge med psykiske helseplagar: https://helse-stavanger.no/barn-og-unges-helsetjeneste
Familiesenteret
Telefon: 977 25 318 / 51 77 63 06
Besøksadresse: Bryne helsestasjon 2. etasje, Hulda Garborgsveg 8, 4344 Bryne
Postadresse: Pb. 38, 4349 Bryne
Kven kan oppsøkja oss:
- familiar med barn mellom 0-18 år
- foreldre som uroar seg og/eller har vanskar i foreldrerolla
- andre instansar som arbeider saman med familien (barnehage, skule osv.)
Familiesenteret kan tilby:
- samtalar med heile, eller deler av, familien
- individuelle samtalar
- foreldrerettleiing etter Marte Meo metoden
- grupperettleiing for foreldre etter Webster Stratton-programmet «Dei utrulege åra» (DUÅ)
- grupper for mødre med reaksjonar etter fødslar
- grupper for barn og unge som har foreldre med helsemessige utfordringar som psykiske vanskar, kronisk sjukdom, eller som strevar med rus
- samarbeid med andre tenester etter behov
Familievernkontoret
Telefonnr: 51 53 81 50
Telefontider: 08.00 – 11.00 og frå 12.00 – 14.00
Epost: familievernkontoret.sor-rogaland@bufetat.no
Besøksadresse: Hetlandsgata 9, 4340 Bryne
Postadresse: Postboks 45, 4349 Bryne
Opningstider: 08.30 – 15.30
Familievernkontoret i Sør-Rogaland, avdeling Bryne, tilbyr gratis parterapi, familieterapi og pliktig mekling ved samlivsbrot. Det er ikkje behov for henvisning.
Fysio- ergoterapi
Telefonnr: 51 77 60 00
Helsestasjoner
Bryne helsestasjonTelefon: 51 77 62 36 / 477 02 410.Telefontid: måndag-fredag kl. 08.00-11.30Adresse: Hulda Garborgsveg 8, 4344 Bryne.
Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Opningstid: måndag-fredag kl. 07.30-15.00
Frøyland helsestasjon
Telefon: 51 77 83 00
Adresse: Gamle Åslandsvegen 27, 4355 Kvernaland.
Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Opningstid: måndag kl. 08.00-12.30, tysdag og onsdag kl. 08.00-15.00.
Undheim helsestasjon
Telefon: 51 77 65 99
Adresse: Undheim skule, Bjønnholen, 4342 Undheim
Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Opningstid: tysdag kl. 08.00-13.00.
Helsestasjon for ungdom
Telefon: 975 75 084 / 51 77 63 04 / 51 77 60 00
Besøksadresse: Hulda Garborgsveg 8, 4340 Bryne
Opningstider: Tysdag og onsdag frå 14.00 – 16.00.
Lege er tilgjengeleg tysdager kl. 14.00 – 15.30 og onsdager kl. 14.30 – 16.00.
Helsestasjon for ungdom er for ungdom opp til 22 år som bur i kommunen eller går på skule her. Her jobbar helsesjukepleiar, jordmor og lege som er vant til å snakka med ungdom om ulike tema, som kropp og helse, prevensjon, psykisk helse o.l.
Sjå meir informasjon på Helsestasjon for ungdom si Facebookside her.
Koordinerande eining
Telefon: 47 60 81 60
Besøksadresse: Røyrvika 2, 4340 Bryne
Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Hjå Koordinerande eining kan du få hjelp til:
- Oversikt over tenester som eksisterer i Time kommune.
- Formidla kontakt med dei som er aktuelle for deg.
- Er ein stad å venda seg til for deg som mottar tenester, tenesteytarar og samarbeidspartnarar.
- Sikra at dei ulike tenestane du får fungerer saman for å gje deg god oversikt og eit godt samla tilbod.
Krisesenteret
Telefon for kvinner: 51 53 06 23
Telefon for menn: 51 53 22 27
Åpningstid: Hele døgnet
- Du som opplever vald i familien eller fra ein annan som står deg nær, kan få gratis hjelp på Krisesenteret.
- Du kan ringe oss heile døgeret. Vi hjelper deg med éin gong.
- Du kan bu her dersom du treng det. Det gjeld også barna dine.
- Du kan få råd og veiledning gjennom individuelle- og/eller gruppesamtaler
- Du kan få bistand til å ordna praktiske utfordringar som økonomi og bustad
- Du kan få veiledning i foreldrerolla
- Du kan få hjelp til å koma i kontakt med andre deler av hjelpeapparatet, som advokat, NAV og andre
Legesenter
Bryne legesenter:
Telefon: 51 77 66 00
Adresse: Arne Garborgs veg 15-17, 4344 Bryne
Opningstid: Måndag – fredag kl 07.30 – kl 15.00
Nettside til Bryne legesenter.
Sandtangen legesenter:
Telefon: 51 77 66 66
Adresse: Kirsten Brynes veg 7, 4344 Bryne
Opningstid: Måndag – fredag kl 07.45 – kl 15.00
Nettside til Sandtangen legesenter
Kvernaland legesenter:
Adresse: Theodor Dahls veg 8, 4355 Kvernaland
Telefon: 51 22 83 80
Telefontid: Alle dagar kl 09.00 – 11.30 og kl 13.00 – 14.00
Opningstid: Måndag – fredag: kl 08.00 – 15.00
Legevakt
Telefon: 116 117 (same telefonnummer heile døgnet, også i helgene)
Livstruande sjukdom eller skade: 113
Dagtid/kveld:
Klepp og Time legevakt
Adresse: Kleppetunet, Olav Hålandsveg 2, 4352 Kleppe
Opningstider
Kvardagar kl.15.00-23.00
Helg og høgtid kl. 08.00-23.00
Natt (etter kl. 23.00:
Sandnes legevakt har legevakt for Klepp og Time på natt
Adresse: Brannstasjonsveien 2, 4312 Sandnes
Opningstid: kl 23.00 – 08.00
Ring før du kjem
Ring legevakta før du kjem. Telefonen er bemanna av sjukepleiar. På dagtid måndag til fredag skal du kontakta fastlegen din før du kontaktar legevakta. Ved livstruande sjukdom eller skade, ring 113.
NAV Sosiale tenester
Telefon: 55 55 33 33
Besøksadresse: Kjøpmannsbrotet 5, 4352 Kleppe
Opningstid: Måndag – fredag 12.00 – 14.00
http://www.nav.no/
Hjå NAV kan du få hjelp til:
- Personlege råd og rettleiing
- Økonomisk sosialhjelp
- Økonomisk rådgjeving
- Gjeldsrådgjeving
- Informasjon om kommunale helse- og sosialtenester
- Midlertidig bustad
- Hjelp i krisesituasjonar
- Kvalifiseringsprogram med tilhøyrande stønad –Søknadskjema og informasjon her (PDF, 182 kB)
Politi - Jæren lensmannskontor
Telefonnr: 51 53 78 50 / 02800
Epost: post.sor-vest@politiet.no
Besøksadresse: Arne Garborgsveg 17, 4340 Bryne
Postadresse: Postboks 240, 4001 Stavanger
Opningstider: 08.30 – 14.00
PPT
Telefon: 51 77 60 00
Besøksadresse: Torkel Maulandsveg 2, 4340 Bryne.
Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er eit støtte- og hjelpeapparat som greier ut særskilde behov hos barn, unge og vaksne. Dei rettleier skular og barnehagar i tilpassing av ordinært tilbod, og gjev råd om spesialpedagogiske opplæringstiltak.
Skular
Her finn du lenkje til alle grunnskulane i Time kommune: Grunnskular i Time – Hovedportal
Skulehelsetenesta
SLT-koordinator
Ragnhild Hobberstad
Telefon: 99 77 22 04
e-post: ragnhild.hobberstad@time.kommune.no
Adresse: Rådhuset, Arne Garborgsveg 30, 4340 Bryne
Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Kontakt SLT-koordinatoren om du:
- treng råd om kven du skal venda deg til når det gjeld førebygging av kriminalitet blant unge i Time kommune
- dersom du er bekymra for at eit barn/ungdom har, eller står i fare for å utvikla, kriminell adferd
- dersom du er bekymra for radikalisering eller valdeleg ekstremisme
Kommunen sin SLT- koordinator har ansvar for kontakt og samarbeid med politiet og skal bidra til at interne og eksterne instansar samarbeider om å gje god hjelp og støtte til unge som begår, eller står i fare for å begå straffbare handlingar.
Ungdomsteam
Ragnhild Hobberstad
Telefon: 99 77 22 04
Adresse: Rådhuset, Arne Garborgsveg 30, 4340 Bryne
Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Time ungdomsteam jobbar for å førebygga rus og kriminalitet blant ungdom. Tilbodet er eit frivillig lågterskeltilbod spesielt for barn og unge i alderen 12-20 år og deira føresette. Me ønsker å spela ei viktig rolle for barn, ungdom og familiar.
Dette gjer me mellom anna gjennom å tilby
- råd og rettleiing, for ungdom og for foreldre
- tilpassa aktivitetar og tiltak for utsette grupper.
Ungdomsteamet samarbeider tett med mellom anna skular, helsesjukepleiar, barnevern, politi, helsestasjon for ungdom og fritidsklubbar, med mål om å skapa eit godt oppvekst- og læremiljø for barn og unge i kommunen.
Ta kontakt med oss dersom du er bekymra for barn eller ungdom.